2024 - FOR ET ÅR VI HAR HATT MED DERE! Nå er det siste stopp på reisen, og det skal markeres skikkelig! Fredag 6. d ...
- Arena:Svømmehallen Scene
- Sted:Bodø
Norske historiedagar er norske historikarar sitt årlege møte der dagsaktuelle spørsmål blir drøfta. Til historiedagane i Bodø 2024 er temaet "Dokotomisering" eller korleis vi har for vane å bruke omgrepspar som står i motsetning til kvarandre. Temaer er aktuelt fordi det er 30 år sidan Noreg sa nei til å bli med i EU. Då var spørsmålet Ja - eller Nei. det var dessutan snakk om forenklingar av dikotomiar der motsetningspar mellom folk og elite, mellom by og land, mellom sentrum og periferi, mellom Europa og Noreg, og mellom nasjon og union ofte vart del av det offentlege ordskiftet. Desse dikotomiane auka også kjensla av demokratisk krise som prega den offentlege politiske debatten då som no. Dikotomiane har nemleg ein evne til å stimulere til polarisering av samfunnet, og å leie til auka populisme. I den norske konteksten kokte spørsmålet til sjuande og sist ned til dikotomiane «ja» eller «nei», som også var namnet på stemmesetelen folk skulle velje mellom i slutten av november 1994. Historiedagane rommar foredrag og parallellsesjonar med spesielle tema, og laurdag 29. blir det også ei oppsummering av tida etter 1994 og EU-avstemminga som tar sikte på å få to ulike perspektiv på livet etter avstemminga og fram til i dag. Den eine av ein nei-historikar. Den andre av ein ja-historikar.